SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
1. november 2026
Stilling
Deltid
Felt
Barnehage
Førerkort
En fordel
Stillinger
5
Publisert
27. april 2026
Kontakt
Elisabeth Kristin MidtbustSaksbehandlar forvaltningskontoret41867956
Hilde Christin Rognsø FurstrandSaksbehandlar forvaltningskontoret41867955

StedOlavsgata 10, Fjord

Aktivitetskontakt

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Frist 1. nov. · Deltid

Har du lyst på ein spanande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre i Fjord kommune?

Hovudmålet med ei aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt.

Personen sine ønsker, draumar og behov skal vere i fokus. Det å vere aktivitetskontakt skal vere givande og kjekt, samtidig som du gir eit forsvarleg og godt tilbod. Det kan vere turar, besøk heime eller på kafe, kino, svømming, trening, bibliotek, og mykje anna.

Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. Løn etter timesatsar, og køyregodtgjering i oppdraget kan avtalast med forvaltningskontor etter individuell vurdering.

Det blir kravd godkjent politiattest for å bli aktivitetskontakt, og du har teieplikt.

Du får nødvending rettleiing. Dette er viktig både for eigen trivsel og kjensle av å meistre oppdraget, samt kvalitet i tilbodet.

Søknader vert behandla fortløpande

Arbeidsoppgåver

  • Vere med brukar på aktivitetar
  • Fritidskontakt
  • Trening- og fritidskompis

Kvalifikasjonar

  • Fylt 16 år
  • Politiattest
  • behersker norsk godt
  • Bilsertifikat (ønskeleg)

Personlege eigenskapar

  • Stabil og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Respekt for andre menneske
  • Overskot til å gje av deg sjølv
  • Positiv og god motivator
  • Ser moglegheiter istadenfor begrensingar

Vi tilbyr

  • Omfanget på eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke.
  • Lønn etter tariff.