Vi søkjer sjukepleiar
Gynekologisk eining Haugesund Sjukehus
Frist 18. nov. · Heltid · Fast
💜 Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø?
Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!
Gynekologisk eining består av ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Som sjukepleiar hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av pasientgrupper og oppgåver. Kvardagen kan til tider vere travel, men du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og omsorg for pasientane står i sentrum.
Pasientgruppa vår omfattar kvinner i alle aldrar. På sengeposten gir vi pre- og postoperativ behandling i samband med gynekologiske operasjonar, pleie og behandling til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling – for å nemne noko.
På poliklinikken følgjer vi opp gravide gjennom svangerskapet, behandlar kvinner med ulike gynekologiske problemstillingar og utfører mindre gynekologiske inngrep i lokalbedøving.
Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeida dagvakter på poliklinikken.
Gynekologisk eining samarbeider tett med kirurgisk avdeling. Sengeposten er open frå måndag til fredag, og i helgene blir dei gynekologiske pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling. Som sjukepleiar hos oss vil du derfor også få verdifull erfaring frå arbeid på kirurgisk avdeling.
✨ Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Ta imot, observera og følgja opp pasientar gjennom behandlingsforløpet.
- Utføra heilskapleg og fagleg trygg sjukepleie til kvinner i ulike livsfasar.
- Gi pre- og postoperativ sjukepleie og oppfølging til pasientar gjennom behandlingsforløpet.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikra best mogleg behandling og oppfølging av pasientane.
- Samarbeida tett med kollegaer ved gynekologisk eining og kirurgisk avdeling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring frå sjukehus er ønskjeleg.
- Erfaring med gynekologiske pasientar er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- møter kvar pasient med respekt, omsorg og forståing
- er sjølvstendig og open for endring
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag
🤝 Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg og inkluderande arbeidsmiljø 🤝
- Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver 📚
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 🌱
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift) 💜
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
