Operasjonssjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) , Helse Bergen HF
Frist 9. nov. · Heltid · Fast
Vil du jobbe som operasjonssjukepleiar i eit sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) søker operasjonssjukepleiarar. Hos oss får du anledning til å jobbe i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.
KSK er delt i sju avdelingar, ei av avdelingane er Operasjonsavdeling (OPA) med 6 seksjonar; Kirurgi, Dagkirurgi; Hovud-hals; Operasjon Glasblokkene, Ortopedi, Thorakskirurgi.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- KSK kirurgisk seksjon
- KSK hode-hals
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Kirurgisk seksjon er ein av tre opererande einingar i sentraloperasjon (SOP), og vi i utfører elektiv og øyeblikkelig hjelp kirurgi innanfor fagfelta: gastro, endokrin, kar, urologi, plastikk og brannskadekirurgi. Kirurgisk seksjon er er ein stor og spennande seksjon med mange ulike fagfelt og dyktige medarbeidarar.
Ønsker du spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så har vi no ledig stilling som operasjonssjukepleiar. Vi har mange ulike fagfelt, som vil gi deg mogeligheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Som operasjonssjuepleiar inngår du og i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset Kontakt: Hege Nybøe Moeberg, Tlf: 55970621.
Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar.
Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).
Trivst du med travle dager, faglege utfordringar, og godt samarbeid på tvers av fagmiljø som gjer arbeidsmiljøet utviklande og trygt? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke stilling hos oss. Kontakt: Lisbeth Viken Aasarmoen, Tlf. 55970651.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for planlegging og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Klargjere og kontrollere utstyr
- Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
- Delta i daglege driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeidar godt i tverrfagleg miljø
- Arbeidar strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med faglege utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
