60% ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Vindafjord
Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd
Frist 30. okt. · Deltid · Vikariat
Vindafjord kyrkjelege fellesråd har ledig opptil 60% vikariat som kateket/kyrkjelydspedagog fram til30.06.27, med mogelegheit for forlenging i 80%.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
- Me søkjer etter kateket eller kyrkjelydspedagog
- Barne- og ungdomsarbeidar kan og vera aktuell
- Andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert
- Erfaring frå liknande type stilling er ønskeleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Du må ha førarkort klasse B og disponera bil
- Må beherska norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode pedagogiske og administrative evner
- Likar å jobbe med barn og unge
- Gode kommunikasjons- og gjennomføringsevner
- Kan jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team
- Er omgjengeleg og fleksibel og lett å samarbeide med
Identifiserer seg med kyrkja si vedkjenning, og formidlar bibelforteljingar og tru med glede og engasjement
Særskilte krav
Det er krav om medlemskap i Den Norske Kirke
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram ved tilsetting, jf. Trossamfunnsloven §20
Arbeidsoppgaver
Ansvarsområder og oppgåver
- Jobba innan kyrkjeleg undervisning/trusopplæring i samsvar med lokale planar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar innan kyrkjeleg undervisning og læring
- Samarbeid med skular, barnehagar og evt andre instansar i kommunen
- Delta på gudstenester i samband med aktivitetar
- Undervisning for ulike aldersgrupper, samtale og forkynning
- Bygge fellesskap og lage gode arenaer for barn og unge i kyrkja
- Bidra til dialog mellom kyrkja og nærmiljøet
- Oppfølging av frivillige medarbeidarar
Vi tilbyr
Me tilbyr
Varierte oppgåver i godt arbeidsmiljø! Her er det fint å jobbe!
Lønn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor
Gode forsikrings- og pensjonsordningar, medlemskap i KLP
Ein må rekna med arbeid på kveld og helg.
Om arbeidsgiveren
Vindafjord kyrkjelege fellesråd skal ivareta administrative og økonomiske oppgaver på vegne av sokna, utarbeide planar for kyrkjeleg verksemd i kommunen, fremme samarbeid mellom sokneråda samt ivareta deira interesser i forhold til kommunen.
Rådet har mellom anna ansvar for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, anlegg, drift forvaltning og gravplassar, anskaffelse og drift av kyrkjekontor samt arbeidsgjeveransvar for tilsette. Daglig leier for kyrkjeleg fellesråd er kyrkjeverja.
