SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
6. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Administrasjon
Arbeidssted
Hjemmekontor mulig
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Publisert
23. oktober 2026
Kontakt
Vibeke GjervikAvdelingsleiar404 77 119vibeke.gjervik@nav.no

StedGamle Kleppestøvegen 2, Askøy

Metoderettleiar

Nav Askøy // Region vest

Frist 6. nov. · Heltid · Fast

Har du trua på at alle som vil, kan få og behalde jobb, gitt riktig jobbmatch og jobbstøtte? Vil du utgjere ein forskjell for menneske som ønsker deltakelse i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!

Vi i region vest søker metoderettleiar til vårt regionale team, Arbeid med støtte. Som metoderettleiar har du ansvar for den faglege oppfølgingen av fem dyktige jobbspesialistar. Teamet følgjer opp deltakarar både frå Askøy og Øygarden, primært deltakarar under 30 år.

Som metoderettleiar deltar du i metoderettleiarnettverket i regionen og i videreutvikling av vårt fagmiljø. Jobben er spennande, med stor fridom i arbeidskvardagen og arbeid etter den anerkjende metoden Supported Employment. Som metoderettleiar må du vere eit godt forbilde for teamet, ha særleg kompetanse innan Supported Employment og eiga erfaring frå arbeid etter metoden. Du har også ansvar for din eigen portefølje med deltakarar.

Din viktigaste arbeidsplass er ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di skal nyttast ute i næringslivet, saman med eller på vegne av deltakarane. Du skal etablere kontakt med arbeidsgivarar, bygge relasjonar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning.

Nav Askøy og Nav Øygarden utgjer Nav region vest, med omlag 140 tilsette i regionen. Du blir del av ei regional avdeling saman med marknad, tiltak og jobbspesialistar.

Stillinga er organisert ved Nav Askøy, men du må arbeide frå både Nav Askøy og Nav Øygarden kvar veke. Nav Askøy er lokalisert på Kleppestø senter, Nav Øygarden sentralt på Straume. Vi har aktivitetsbaserte arbeidsplassar i begge kontor, med høgt fokus på eit godt arbeidsmiljø og fleire ulike sosiale aktivitetar.

Kva går jobben ut på?

  • Oppfølging og utvikling av fagleg kompetanse i teamet gjennom rettleiing, fagmøte og kompetanseaktivitetar
  • Bidra til eit godt samarbeid internt i Nav-kontora i regionen
  • Følge opp eigen portefølje
  • Identifisere deltakarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner
  • Rettleie deltakarane i søkeprosessar
  • Møte med potensielle arbeidsgivarar
  • Skape dialog og bygge nettverk med utdanningsinstitusjonar og verksemder

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Erfaring frå arbeid som jobbspesialist og/eller metoderettleiar Supported Employment (SE) eller innan IPS
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing av kollegaer og eller samarbeidspartnarar
  • God digital kompetanse

Det er ein fordel om du har

  • God kjennskap til arbeidsmarknaden i regionen
  • Vidareutdanning innan rettleiing, leiing eller karriererettleiing
  • God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag, verkemiddel og tenester
  • Erfaring frå arbeid med kvalitetsforbetring

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du kommuniserer godt med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
  • Du er god til å motivere og inspirere andre
  • Du er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du er resultatorientert og sjølvgåande

Kvifor velje oss?

  • Ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Moderne og helsefremmande kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Stillingskode 1364 som seniorrådgjevar i lønsspenn frå kr 729 000 til kr 770 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Om arbeidsgiveren

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

NAVstilling