Sosionom
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF
Frist 11. nov. · Heltid · Fast
Klinisk sosionom, fast stilling ved BUP Fana
Er du klinisk sosionom eller sosionom med vidareutdanning og ønsker jobb i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig fast stilling frå januar 2027.
Om oss
BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.
Fagmiljø og behandlingstilbod
Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna:
IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.
Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar, vi har etablert IPS i samarbeid med NAV og arbeider tett opp mot både kommunale tenester og Barnevernsinstitusjonane i opptaksområdet vårt.
Vår tilnærming
Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra inn i tverrfagleg team med spesifikk kompetanse som sosionom og som er engasjert i å finne gode løysingar for spesialisthelsetenesta i møte med aukande behov i befolkninga.
Krav til stillinga
Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Bidra i utgreiing og diagnostisering av barn og unge
- Bistå pasientar, føresette og medarbeidarar med informasjon og praktisk hjelp knytta til sosiale rettar og stønadar
- Sjølvstendige behandlaroppgåver tilpassa kompetanse
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som sosionom
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn- og unge
- Kompetanse innanfor metodane vi allereie jobbar med eller område vi ønsker å utvikle oss på
- Vidareutdanning i klinisk sosialt arbeid (klinisk sosionom), relevant mastergrad, vidareutdanning i psykisk helsearbeid, familieterapi eller barnevern
- Interesse for og/eller erfaring frå familiearbeid, system og nettverksarbeid eller rusfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har god vurderingsevne og arbeidskapasitet
- Evne og vilje til å hjelpe pasientar og samarbeide med kollegaer
- Fagleg trygg, nysjerrig og varm i møte med andre
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med overeinskomst
- Eit støttande og godt arbeidsmiljø
- Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
- Gode system for å ta i mot nytilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
