SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

voss.easycruit.com

Frist
15. november 2026
Stilling
Deltid · Fast
Felt
Omsorg
Sektor
Offentlig
Stillinger
3
Publisert
30. oktober 2026
Kontakt
Line Førde+47 46813906Line.Forde@Voss.herad.no

StedHardangervegen 51, Voss

Udlabu

Voss herad Udlabu

Frist 15. nov. · Deltid · Fast

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede saman med kjekke kollegaer? Då kan dette vera stillinga for deg!

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:

  • 3 Faste helgestillingar frå 04.01.2027. Tiltreding tidlegare kan vere mogleg etter avtale.
  • Årsturnus med dag- og ettermiddagsvakter, moglegheit for langvakter etter ynskje. Arbeid kvar 3. eller 4.helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå tenestemottakar i dagliglivets og gjeremål
  • Målretta miljøarbeid
  • Team-arbeid og oppfylging av tiltaksplanar
  • Medikamenthandtering
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m). Relevant fagutdanning eller assistent med relevant erfarning kan verta vurdert

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

  • Er kreativ og likar å tenkje nytt
  • Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
  • Arbeider sjøvstendig og tek ansvar
  • Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg, strukturert og målretta
  • Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar
  • God norskspråkleg tale og ellers gode kommunikasjonsevner

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Fadder-ordning i oppstartsfasen
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande