SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
11. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Økonomi & finans
Utdanning
Høyere utdanning
Sektor
Offentlig
Publisert
22. oktober 2026
Kontakt
Janet AlmePersonalsjef+47 464 11 019
Sølvi RingsetFagleiar løn46411017

StedØyna 13, Stranda

Konsulent lønn/ servicekontor

Stranda kommune

Frist 11. nov. · Heltid · Fast

Vil du arbeide innanfor lønsområdet i ei kommune der du får varierte oppgåver, stor påverknad på eigen arbeidskvardag og eit nært samarbeid med kollegaer? Frå 1. januar 2027 har vi ledig 60% fast stilling som konsulent innan lønnsområdet. Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab innan fagområdet lønn. Vi kombinerer den faste stillinga med eit vikariat på Servicekontoret i 40%, slik at stillinga totalt sett er 100% ut 2027, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen.

For rett kandidat kan det på sikt vere moglegheit for avansement til stilling som fagleiar på lønsområdet.

Kvifor velje Stranda?

  • Makspris på barnehageplass er sett til kr. 700 kroner per måned.
  • Bur du i kommunen og er i arbeid, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
  • Eit variert næringsliv med høg sysselsetting gir gode moglegheiter også for partnar eller familie.
  • Gode barnehage- og skuletilbod, inkludert to vidaregåande skular.
  • Det største skisenteret på Nordvestlandet, flotte turmoglegheiter sommar og vinter, regionalt kulturhus og eit aktivt idretts- og foreiningsliv.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med fagleiar løn får konsulenten ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med lønn og personaladministrasjon. Du vil samarbeide tett med leiarar og kollegaer i organisasjonen og bidra til at kommunen leverer korrekte og effektive lønnstenester.

  • Månadleg lønnskøyring, herunder førebuing og behandling av lønnsgrunnlag for fast og variabel lønn.
  • Rapporteringar innan lønnsområdet
  • Behandling av sjukelønn og refusjonar
  • Vedlikehald og vidareutvikling av Visma Enterprise HRM.
  • Andre oppgåver under området personal og lønn etter behov.
  • Arbeidsoppgåver knytt til servicekontoret vil i hovudsak vere sentralbord, postføring og andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring med lønnskøyring og forståing av samanheng mellom lønn og rekneskap er ønskjeleg
  • God digital kompetanse og evne til å lære nye system
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Arbeider sjølvstendig og strukturert.
  • Har god arbeidskapasitet
  • Er løysingsorientert og serviceinnstilt.
  • Har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Varierte, spanande og utviklande arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og omsorg.
  • Tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
  • God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
  • Ein arbeidsgjevar som legg vekt på trivsel, utvikling og meistring

Om arbeidsgiveren

Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt.

Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.

  • Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. md. for full barnehageplass.
  • Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.

I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette