SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
9. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Oppstart
2027-01-11
Publisert
I dag27. oktober 2026
Kontakt
Ida GuleSeksjonsleiar+47 95940303Ida.Gule@helse-mr.no

StedOpdølvegen 4, Molde

Sjukepleiar

Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Frist 9. nov. · Heltid · Vikariat

Sjukepleiar - svangerskapsvikariat 100 % ved Kirurgiske poliklinikker, SNR Hjelset

Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø? Ved Kirurgiske poliklinikker på SNR Hjelset har vi no ledig eit 100 % svangerskapsvikariat med varighet på 1 år. Stillinga inkluderar arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket, og passer for deg som ønsker ein variert arbeidskvardag innan fleire kirurgiske fagområde.

Hjå oss møter du dyktige medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vi har høg fagleg kompetanse, lavt sjukefråvær og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og trivsel. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønsker ein variert arbeidskvardag med pasientar innan fleire kirurgiske fagområde.

Om seksjonen

  • Kirurgiske poliklinikkar ved SNR Hjelset undersøker og behandlar pasientar innan fagområda:
  • Urologi
  • Gynekologi
  • Plastikkirurgi
  • Ortopedi
  • Gastrokirurgi
  • Generell kirurgi

Arbeidskvardagen er variert og inneber både sjølvstendige oppgåver og tett samarbeid med leger og øvrige yrkesgrupper. Stillinga inkluderar arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket. Her videreførast det polikliniske arbeidet som utførast på kvardager, og du vil samarbeide tett med LIS1-legar og andre fagpersonar. Pasientane representerar i stor grad dei same fagområda som ved den ordinære polikliniske drifta.

Bli med på laget vårt - vi gleder oss til å høyre frå deg!

Tilsetting etter avtale med leiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Assistere legar i undersøkingar og behandling av pasientar
  • Sjølvstendig sjukepleiarpoliklinikk, mottak, observasjon og oppfølging av pasienter
  • Dokumentasjon
  • Legemiddelhåndtering
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
  • Erfaring frå kirurgiske fag er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er

  • Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
  • Er strukturert og håndterar ein variert arbeidskvardag ansvarsbevisst
  • Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsevne og set pasienten i sentrum
  • Personlig eignaheit for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid, med en spennende og variert arbeidshverdag
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med dyktige og hjelpsomme kollegaer
  • Mulighet for fagleg utvikling
  • Moderne lokaler ved SNR Hjelset
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.

Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal