SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
8. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Publisert
9. oktober 2026
Kontakt
Astrid Hammernes StrømmeAvdelingsleiar BUAS sone 295947361astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche OldeideEiningsleiar BUAS90118218wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

StedHaugneset 16, Sykkylven

Vil du bli vår nye sjukepleiar ?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Frist 8. nov. · Heltid · Fast

Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver? Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.

Ved å velje BUAS får du

💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling 💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

Bli ein del av laget vårt! 💙

Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Tilsetting kan skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov
  • Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
  • Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak
  • Rehabilitering og palliativ omsorg
  • Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester
  • Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
  • Gratis parkering

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Om arbeidsgiveren

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv.

Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!