SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
15. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Oppstart
2026-11-16
Publisert
I går26. oktober 2026
Kontakt
Maria Elizabeth MarthinussenTenesteleiar94051001maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

StedTrolldalssletta 12, Haram

Sjukepleiar, vikariat

Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune

Frist 15. nov. · Heltid · Vikariat

Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida? Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.

Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.

Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane. Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet. Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningsliner
  • Observasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i Helseplattformen
  • Legemiddelhandtering
  • Laboratoriearbeid
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagen
  • Samarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjarar
  • God munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse

Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokus
  • Løysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringar
  • Sjølvstendig, men også ein god lagspelar
  • Ein som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkjande og endringsvillig
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardag
  • Gode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre gode
  • Møtetid i turnus, med internundervisning etter plan
  • Sjukepleiar i stab
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Løn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Bedriftshelseteneste
  • Gratis parkering og gode kollektivforbindelsar

Om arbeidsgiveren

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få

sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte

kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.