Helse og omsorg - helgevakt og tilkallingsvikarar 2026
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Frist 31. des. · Heltid · Vikariat
Vil du jobbe med menneske – og gjere ein forskjell i kvardagen? Sykkylven kommune treng dyktige og engasjerte tilkallingsvikarar i helse- og omsorgstenestene våre. Som vikar hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og sjansen til å utvikle deg i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø.
Vi tek imot søknader fortløpande – og aktuelle kandidatar blir kontakta ved behov.
Kvar kan du jobbe? Vi har behov for vikarar innan fleire einingar. Skriv i søknaden kva område du ønskjer å jobbe i:
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS)
- Sone 1 og 2
- BUAS institusjon
- Kjøkken
- Korttid / rehabilitering
- Natt
Helsehuset
- Heimebasert omsorg
- Nattpatrulje
Bu- og rehabiliteringstenestene
- Ura
- Klokkerhaugen
- Barne og avlastingsbustad
Søkjer du på fleire område? Lag gjerne ei kort prioriteringsliste, slik at vi enklare finn det som passar best for deg.
Arbeidstid og stillingsstorleik
Oppgi gjerne kva tider og periodar du kan jobbe. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil variere etter behov.
Politiattest
Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til dei brukarane som har behov for dei ulike tenestene.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og har eit hjarte for arbeid med menneske. Erfaring eller relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg opplæring.
- Vi søkjer pleiemedarbeidarar, studentar innan pleie, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar m.v
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer medarbeidarar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarne og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon.
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk.
- Løn etter kvalifikasjonar.
Om arbeidsgiveren
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv.
Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her
