SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

jobseeker.jobbnorge.no

Stilling
Heltid · Fast
Felt
Transport
Førerkort
En fordel
Sektor
Privat
Stillinger
3
Publisert
30. april 2026
Kontakt
Asgeir MyklebustAvdelingsleiar+4790126435

StedNedre Sjåstad

Bussjåfør i Firda Billag Buss

Firda Billag Buss AS

Heltid · Fast

Vi treng fleire kollegar og har jobb til deg!

Firda Billag Buss ser etter deg som ynskjer å jobbe som sjåfør i Stryn og Leikanger/Stadlandet! Og du, har du kun C eller CE - sjå her!

Vi tilbyr faste stillingar, men ynskjer du deltid eller tilkalling er det og ein mogelegheit. Vår busspark er heilt ny, så du vil få godt moderne utstyr å jobbe med.

Trivst du i eit aktivt miljø, vil du vere vårt ansikt utad, har godt humør og vil vere ein del av vårt gode arbeidsmiljø - då må du søke.

Vi ser etter deg som:

  • trivst bak rattet og har ekte glede av å møte menneske
  • er serviceinnstilt, roleg og profesjonell – også når det hastar
  • tek ansvar, held hovudet kaldt og har eit auge for tryggleik
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet og lagånda
  • har førarkort klasse D og YSK (eller er motivert for å ta det)
  • du må kunne kommunisere på norsk

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Turnusar som gir rom for både jobb og fritid
  • Eit sterkt og sosialt arbeidsmiljø med samhald og humor
  • Ein arbeidskvardag der du verkeleg betyr noko for folk

Om arbeidsgiveren

Firda Billag Buss er ein av dei mest tradisjonsrike og framtidsretta transportaktørane i Vestland. Med røter som strekkjer seg over 100 år tilbake, og eit sterkt engasjement for tryggleik, kvalitet og gode reiseopplevingar, er vi eit selskap som både tek vare på historia og driv utviklinga vidare.

Hos oss møter du eit fagmiljø som står støtt, eit arbeidsmiljø som løftar kvarandre, og ein organisasjon som set menneska – både tilsette og passasjerar – først.