SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
4. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Sektor
Offentlig
Publisert
21. oktober 2026
Kontakt
Ingunn MoLeiar for barnehage+47 997 38 755
Karin TræbakkenStyrar Norheimsund barnehage46865845

StedKyrkjevegen 30, Kvam

Tilretteleggingsressurs i barnehage

Oppvekst - barnehage

Frist 4. nov. · Deltid · Vikariat

Me søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba i barnehage.

Norheimsund barnehage har ledig stilling som tilretteleggingsressurs for eit barn som går i barnehage. Dette er ein jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver i nytt miljø. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, oppstart etter avtale.

Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
  • Ansvar for medisinering og utstyr
  • Vera ein trygg vaksen
  • Samarbeide med kollegaer
  • Samarbeide med foreldre
  • Motta og følga opp rettleiing
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
  • Delta i avdelingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning, sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
  • Fordel med kompetanse i teikn til tale (Karlstadmodellen)
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Bestått B1og B2

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera ein trygg vaksen. Det er viktig med god relasjon til barnet og godt samarbeid med foreldre.
  • Handtera akutte situasjonar på eiga hand, og ta ansvar dersom det oppstår noko

Vidare ynskjer me at du:

  • Er pliktoppfyllande og stabil
  • Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra nye ting
  • Har helsa til å løfta og vera i aktivtet med barn gjennom heile dagen
  • Har godt humør og positiv innstilling
  • Møter barn, kollega og føresette med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"

Me tilbyr

  • Opplæring
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar Generell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Om arbeidsgiveren

Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar

Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida

Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.

Eit variert næringsliv

Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir