SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
1. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Publisert
16. oktober 2026
Kontakt
Wenche OldeideEiningsleiar90118218wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

StedHaugneset 16, Sykkylven

Sjukepleiar - Vil du vere med og forme framtidas sjukepleietenester ved BUAS?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Frist 1. nov. · Heltid · Fast

Vil du bli del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter?

Hos oss får du kombinere det beste frå to verdener: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen.

Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spennande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring.

Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen.Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestene for våre 83 pasientar.

Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen.

Er dette deg? Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar. Du er fagleg trygg, samarbeider godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.

Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg.

Om stillinga

  • Stillinga er fordelt med: 60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane 40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2 I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan: - kvalitetssikring og forbetringsarbeid - undervisning og kompetanseheving - fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar - palliasjon og avansert sjukepleie - pasientforløp og dokumentasjon Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse. Kvifor velge denne stillinga? ✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid ✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar ✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende ✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer ✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø ✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar
  • Beherske dei vanlegaste IT-verktya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Fagleg sterkt miljø, og med godt samarbeid med sjukeheimslegen
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
  • Sykkylven kommune kan også vere behjelpeleg med å skaffe enkel bolig

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar

Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv.

Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!