SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

arbeidsplassen.nav.no

Frist
Snarest
Stilling
Deltid · Fast
Felt
Kultur
Utdanning
Høyere utdanning
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Oppstart
Etter avtale
Publisert
2. oktober 2026
Kontakt
Eli Eidsneskyrkjeverje90613515kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no

StedAustfjordvegen 2724, Masfjorden

KYRKJELYDSPEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR i Masfjorden

Masfjorden Sokn

Søk snarest · Deltid · Fast

Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar –

og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte?

Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg!

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du som søkjer må

  • ha vilje og evne til samarbeid og formidling
  • kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
  • ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særskilt barn og unge
  • være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
  • beherske data som arbeidsverktøy
  • ha førarkort og disponere bil
  • vere medlem av Den norske kyrkja
  • ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
  • Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.

Arbeidsoppgaver

Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken.
  • Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
  • Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper.
  • Konfirmantarbeid (20%) saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige

Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.

Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga

Vi tilbyr

  • Ei interessant og spanande stilling
  • Løn på bakgrunn av utdanning og erfaring, etter KA sine satsar
  • Medlemskap i KLP

Om arbeidsgiveren

Litt om Masfjorden sokn

  • 81,2% av kommunen sine 1672 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt kyrkjelydsarbeid for barn og unge er god. Årets konfirmantkull tel 20 konfirmantar.
  • Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
  • Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.