SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
10. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Oppstart
2027-01-04
Publisert
23. oktober 2026
Kontakt
Ida GuleSeksjonsleiar+47 95940303Ida.Gule@helse-mr.no

StedOpdølvegen 4, Molde

Sjukepleiar

KIRURGISK POLIKLINIKK SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Frist 10. nov. · Deltid · Vikariat

Vi har ledig stilling som sjukepleiar, 70 % vikariat ved Kirurgiske poliklinikker SNR!

Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar?

Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør.

Litt om stillinga

På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø.

Arbeidsoppgåvene omfattar

  • Eigne pasientkonsultasjonar
  • Rettleiing og oppfølging av pasientar
  • Gjennomføring av infusjonsbehandling
  • Samhandling med aktuelle faggrupper
  • Skadepoliklinikken i akuttmottaket

Stillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag.

Kvifor velje oss?

  • Hos oss får du: Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontakt
  • Høg grad av fagleg sjølvstende
  • Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheit til fagleg utvikling
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Bli med på laget!

Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg.

Tilsetjing etter avtale med leiar.

Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendige konsultasjonar ved osteoporosepoliklinikken
  • Rettleiing og oppfølging av pasientar med osteoporose og bruddproblematikk
  • Planlegging og gjennomføring av infusjonsdagar
  • Samarbeid med ortopeder og øvrige fagmiljø
  • Sjukepleiefageige oppgåver ved skadepoliklinikken i akuttmottaket kvar tredje helg
  • Pasientrettleiing og undervisning
  • Dokumentasjon og koordinering av pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg
  • Erfaring fra poliklinisk virksomhet, ortopedi eller kirurgiske fagområder er ein fordel
  • Interesse for forebyggande arbeid og pasientopplæring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Trivst med å arbeide sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevne og liker tverrfagleg samarbeid
  • Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til vidare utvikling av tjenesta
  • Er strukturert og ansvarsbevisst
  • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø. Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.

Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal