SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
30. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Utdanning
Høyere utdanning
Sektor
Offentlig
Stillinger
10
Publisert
23. oktober 2026
Kontakt
Kari AarøSeksjonsleiar41701662

StedHaukelandsveien 22, Bergen

Jordmor

Kvinneklinikken, Helse Bergen HF

Frist 30. nov. · Heltid · Fast

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss frå sommaren 2027.

Litt om Fødeavdelinga

Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.

Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.

Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.

Stillinga er knytta til Fødeavdelinga, det er ledig faste stillingar i 3 delt turnus frå juni 2027. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.

Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Søknader blir behandla forløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
  • Rettleiing av "nybakte foreldre"
  • Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
  • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
  • På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette

Kvalifikasjonar

  • Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel
  • Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)
  • Generell sjukepleieerfaring

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel
  • Tole endring
  • Tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Det vil bli turnusarbeid. Arbeid i snitt kvar 3. helg
  • Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette
  • Bedriftsidrettslag

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.