Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Vi har ledig
- 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.12.26
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Kvifor velge oss
- Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
- Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
- God variasjon i oppgåver og utfordringar
- Fokus på trivsel og arbeidsglede
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
- Muligheit for vidareutdanning med støtte
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
- Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
- God fastløn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
- Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon
- Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
- Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- Utdanning som helsefagarbeidar
- Alminnelege datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl B
- Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Trygg og Omsorgsfull
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Likar utfordringar
- Ønske om kompetanseutvikling
- Interesse for faget
Vi tilbyr
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Om arbeidsgiveren
Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt.
Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.
- Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. md. for full barnehageplass.
- Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.
I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette
