SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
11. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Undervisning
Utdanning
Høyere utdanning
Sektor
Offentlig
Publisert
I dag27. oktober 2026
Kontakt
Lisbeth ClausenAvdelingsleiar Sør-Fron skule97665350lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no

StedKommunevegen, Sør-Fron

Sør-Fron skule søkjer lærar

Sør-Fron kommune

Frist 11. nov. · Heltid · Vikariat

Er du ein engasjert lærar på jakt etter nye utfordringar? Vil du bli ein del av kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule?

Vi har ledig ei 100 % mellombels lærarstilling ut skuleåret, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer først og fremst etter allmennlærarar og grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø og utøver tydeleg klasseleiing.

Har du undervisningskompetanse i norsk på ungdomssteget, og formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk? Då kan du vere den vi leitar etter! Velkomen som søkjar til ein ny og framtidsretta skule der du får vere med og gjere ein forskjell for elevane kvar einaste dag.

Hugs å leggje ved attestar og vitnemål saman med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre.
  • Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap.
  • Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar.

Kvalifikasjonar

  • Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget.
  • Formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine.
  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing.
  • Du er ein dyktig relasjonsbyggjar.
  • Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med:

  • Om lag 55 dyktige kollegaer.
  • I overkant av 300 forventningsfulle elevar.
  • Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek.
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette.

Om arbeidsgiveren

Velkome åt Sør-Fron!

Vår visjon er «den grøne kulturbygda».

Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.

Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.

Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.

Offentleg søkarliste

Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.