Tilkallingsvikarar
Bo og mestring
Frist 31. des. · Deltid · Vikariat
Vil du ha ein jobb som verkeleg betyr noko?
Bli tilkallingsvikar i miljøtenesta!
Midt-Telemark kommune søkjer deg som vil bruke tid, omsorg og engasjement på menneske som treng det – og få ein meiningsfull jobb tilbake. Hos oss jobbar du tett på menneske – barn og vaksne med nedsett funksjonsevne – og bidreg til gode dagar fylt med meistring, trivsel og utvikling. Ingen dagar er heilt like, og du får både utfordringar, glede og verdifulle erfaringar.
Kvifor velje oss?
- Ein jobb som gir ekte meining
- Du blir kjent med flotte brukarar og gode kollegaer
- Perfekt som ekstrajobb eller erfaring innan helse og sosial
- Gode moglegheiter for læring og utvikling
Her treng vi deg
Bufellesskapa:
- Solbakken
- Grauteknapp
- Notevarp
- Grivihaugen
Arbeidsoppgåver
Kva går jobben ut på? Og du blir ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre:
- Hjelpe med daglege gjeremål
- Skape trygge og gode rammer
- Bidra til meiningsfulle aktivitetar
- Jobbe målretta med miljøarbeid
- Arbeidstid er variert (dag, kveld, natt og langvakter).
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar/kompetanse
- Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning
- Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Du treng ikkje vere «ferdig utlært» – det viktigaste er kven du er:
- Duer trygg, tolmodig og til å stole på
- Du har lyst til å hjelpe andre
- Du held roen også når det blir utfordrande
- Du kommuniserer godt med både brukarar og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv.
Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
