Prosjektleiar vegprosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommune
Frist 9. nov. · Heltid
Prosjektleiar vegprosjekt Prosjekt veginvestering, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du:
- Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet
- Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling.
- Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag
- Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
