Helsefagarbeider
Sauherad bygdeheim
Frist i morgen · Deltid · Vikariat
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.
Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.
Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Kva du kan forvente
Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet Moglegheit for fagleg utvikling Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer Langvakter i helgene Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer.
Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.
Arbeidsoppgåver
- Daglig pleie og omsorg av pasientar
- Dokumentasjon i profil
- Legemiddelhåndtering
- Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
- Helsefagarbeider, men andre kan også søke på stillingen
- Andre med relevant utdanning- og eller erfaring kan vurderes
Me ynsker deg som
- er interessert i å arbeide innan pleie og omsorg
- har erfaring fra tidligare arbeid innan helse
- behersker data/iPad som verktøy
- kommuniserar godt på norsk, både skriftlig og muntlig
- har personlege eigenskapar som viser at du er ansvarsbevisst og sjølvstendig
- ynskjer å samarbeide og gjere det beste for kolleger og beboere
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Tolmodig
- Løysningsorientert
- Positiv
- God på kommunikasjon og samhandling
- God muntleg og skrifteleg famstillingsemne
- Personelge eingenskapar vektleggast
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv.
Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
