Stillingstype
Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Helland barnehage.
Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som
- Medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
- Medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
- Medansvar for utviklingsarbeid
- Foreldresamarbeid
- Vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
- Vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
- Praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar
Kan ufaglærte verte tilsett.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- Må ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Er aktiv og engasjert
- Har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- Har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
- Er eit godt språkleg førebilete
- Er fleksibel
- Er stabil og ansvarsbevisst
- Har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
- Har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn i høve gjeldande avtaleverk
- Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar Oppgi referansar
Om arbeidsgiveren
Helland barnehage er sentralt plassert i sentrum av Vestnes kommune med kort avstand til t.d. bibliotek og idrettsanlegg, samtidig som vi har kort avstand til naturen.
Barnehagen har i dag 8 avdelingar med 4 småbarn og 4 storbarnsavdelingar.
Vi har ein stor styrke i eit godt fagleg miljø i barnehagen med pedagogar og fagarbeidarar.
