SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
17. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Publisert
I går26. oktober 2026
Kontakt
Janita Engeset Ellingsetereiningsleiar92620535
Elin Karin Hoplandnestleiar/avdelingsleiar41702318

StedValderøya, Giske

Sjukepleiar, vikariat i nattstilling ved  Giske omsorgssenter

Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

Frist 17. nov. · Deltid · Vikariat

Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 75% stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå 01.03.2027. Stillinga er knytt til avdeling Storhornet ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har og eit ledig vikariat i 47% natt.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar og langtidspasientar.
  • Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Om arbeidsgiveren

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv.

Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.