Vestnes legesenter
Vestnes kommune Vestnes legesenter
Frist 15. nov. · Deltid · Fast
Det er ledig 50 % fast stilling som sjukepleiar/helsesekretær ved Vestnes Legesenter.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.
Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.
Kvalifikasjonar
Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær
- erfaring frå arbeid ved legekontor er ein fordel
- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- datakunnskap
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være faglig engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestnes legesenter er lokalisert i sentrum av Vestnes kommune. Vestnes ligg idyllisk til, midt i Møre og Romsdal. Her er det kort avstand til nabobyane Molde og Ålesund, samt 30 min. unna Åndalsnes/Rauma. I Molde og Ålesund er det flyforbindingar til resten av landet, medan Åndalsnes har togstasjon.
Vi er stolt av den flotte naturen vår med Romsdalsalpane i eine enden og Sunnmørsalpane i andre enden av kommunegrensa. Det er kort veg til attraksjonar som Rampestreken, Romsdalseggen, Trollstigen, Geiranger, Atlanterhavsvegen m.fl. Kommunen er ein båtbyggarkommune med fleire store skipsverft.
Det har dei siste åra vore fokus på utvikling av næringslivet med fleire støtteordningar til lokale gründerverksemder. Les meir om den flotte kommunen vår på ivestnes.no
