Barne- og ungdomsarbeidar Julsundet skole -100% fast stilling
Aukra kommune Julsundet skole
Frist 4. nov. · Heltid · Fast
Likar du å leggje til rette for leik, aktivitet og læring, og ønskjer du å bidra til at elevar utviklar seg både sosialt og fagleg?
Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre eit kvarters køyretur frå Molde, har vi no ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar.
På Julsundet skole er vi opptekne av å byggje eit sterkt lag rundt elevane. Vi har tru på utvikling gjennom samarbeid og samhandling, der ulike yrkesgrupper bidreg med sin kompetanse og arbeider saman for elevane sitt beste.
Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. Saman skal vi leggje til rette for læring for alle og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp enkeltelevar og grupper med behov for fagleg og sosial støtte gjennom heile skolekvardagen og SFO- tida
- Høyre til i laget rundt eleven
- Delta i tilrettelegginga innanfor handlingsrommet og toleransevindauget eleven har
- Tilrettelegge for alternative aktivitetar for elevar som treng ei anna tilnærming til læring
- Samarbeide med dei ulike yrkesgruppane på skolen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant fagbrev kan òg vurderast.
- Gode norskkunnskapar og god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.
- Erfaring med og interesse for arbeid med elevar, både individuelt og i grupper.
- Evne til å planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar for elevar.
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt elevsyn, er raus og uredd og har evne til å skape gode relasjonar til elevane.
- Du tek i bruk varierte arbeidsmetodar og evnar å motivere elevane.
- Du er fleksibel, utviklingsorientert og løysingsorientert.
- Du har høge ambisjonar på vegne av kvar enkelt elev.
- Du er god på samarbeid.
- Du kan arbeide med alle elevane våre, uavhengig av alder og funksjonsnivå.
- Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, og er førebudd på å ta på deg ulike oppgåver etter behov.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Tett samarbeid med ulike faggrupper
- Eit godt arbeidsmiljø
Tilsetjing så snart som mogeleg.
Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest.
Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Søk via knappen "søk her".
Om arbeidsgiveren
Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund.
Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane legg vi til rette for læring for alle elevar og stimulerer den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigne evner. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle
Julsundet skole er ein 1-10-skole med om lag 45 tilsette og 250 elevar. Personalet her på Julsundet skole er fagleg dyktige, har stort engasjement, godt humør og godt samhald. Skolen ligg 15 kilometer vest for Molde.
