SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
17. januar 2027
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Stillinger
40
Publisert
28. oktober 2026
Kontakt
Stephanie LevySeksjonsleiar DPS psykose993 78 985
Ingunn IndrebøSeksjonsleiar DPS allmenn478 90 705
Roger LundekvamSeksjonsleiar akutt952 09 377
Marianne Engh StrandosSeksjonsleiar PSK Sikkerheit975 22 519

StedSvanehaugvegen 2, Sunnfjord

Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk,

Sengepostar Førde, Helse Førde

Frist 17. jan. · Heltid · Vikariat

Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027

Sengepostane våre:

  • Akutt døgn
  • PSK Sikkerheit
  • DPS døgn allmenn
  • DPS døgn psykose

Tilsetjingsperioden er åtte veker.

Opplys i søknaden:

  • Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile perioden
  • Kva sengepost du ønskjer å arbeide ved
  • Dokumentasjon på utdanning og praksis

Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile

døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen

psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.

PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet.

Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.

DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø.

DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid
  • Turnusarbeid
  • Arbeid annakvar helg

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
  • Helsesportspedagog
  • Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring
  • Interesse for faget
  • Førarkort kl. B er å føretrekke

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omtanke

Vi tilbyr

  • Opplæring i eit fagleg spennande miljø
  • Opplæringskurs for nytilsette
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.