SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

surnadal.easycruit.com

Frist
31. desember 2026
Stilling
Deltid
Felt
Omsorg
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Stillinger
10
Publisert
16. september 2026
Kontakt
Rakel Polden+47 48054672rakel.polden@surnadal.kommune.no

StedBårdshaugvegen 1, Surnadal

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Frist 31. des. · Deltid

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling ("ringevikarar").

Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke.

Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.

Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning jf. reglane i personalplanen
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus.

Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.