Miljøkoordinator - Vikariat
Bergen katedralskole
Frist 1. nov. · Heltid · Vikariat
Er du ein Miljøkoordinator med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er, ha eit godt skulemiljø, og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt? Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette? Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Vi har i perioden 01.01. - 30.06.27 ledig eit 100% vikariat som Miljøkoordinator
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva til miljøkoordinatoren er å jobbe for å auke trivselen og styrke miljøet ved skulen.
På Bergen katedralskole gjør miljøkoordinatorene det ved å arrangere og tilretteleggje for ulike sosiale aktivitetar og arrangementar i og utanfor skuletida, med mål om å auke inkludering og trivsel, og å motverke mobbing, utenforskap, rasisme og rusmiddelbruk.
Du deltar i arbeidet med elevrådet, og er koordinator for alle dei ulike elevorganisasjonane og -gruppane vi har på skulen og er, i samarbeid med elevteneste og skuleleiing, sentral i vidareføring av skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skule- og læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Minst 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng) med vekt på sosialpedagogiske fag t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagog.
- Sterke relasjons- og samarbeidsevner
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- har eit stort engasjement for miljøet på skulen og elevane sin trivsel
- er trygg, tydeleg og inkluderande
- er kreativ og initiativrik og har evna til å inspirere og engasjere elevane
- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette
- eit miljø som er oppteke av utvikling for ungdom
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.
Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
