Vikariat skipsførar Arsvågen-Mortavika
Fjord1 - Maritim Drift
Frist 6. nov. · Heltid · Fast
Fjord1 har ledig vikariat som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord.
Vikariatet har ei varigheit på seks månader, men kan bli forlenga ved behov. Ein går i turnus med to veker på og to veker av. I arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsperioden.
I denne stillinga har du ansvar for å sikre at reserveferjene våre MF Bergensfjord til ei kvar tid er operative, samtidig som du bidreg til å dekke øvrige behov i sambandet. Som skipsførar har du ei sentral rolle i den daglege drifta og får arbeide både operativt og løysingsorientert.
Arbeidskvardagen er variert og kan by på skiftande vêrforhold, høg trafikk og eit hektisk tempo. Stillinga gir verdifull erfaring frå drift av gassfartøy og er ei god moglegheit til å vidareutvikle deg som leiar.
Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skaper eit godt fellesskap.
Oppstart snarast mogleg er ønskeleg. Vi tilset fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
- Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- D1-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning, 2 veker på og 2 veker av.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Om arbeidsgiveren
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
