Bygg og eigedom, avdeling Park og Idrott søkjer landsbruksmekanikar
Voss herad Park og idrott
Frist 30. nov. · Heltid · Fast
Park og Idrott har ansvar for å drifta og vedlikehalda kommunale eigedommar i Voss herad.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald, reparasjonar, service av avdelinga sitt utstyr og maskinpark
- Delta i anna førefallande arbeid ved avdelinga ved behov
- Vaktordning brøyting/strøing kan vere aktuelt
- Køyring av kostebil
- Utføra mindre serviceoppdrag for andre
Me ynskjer ein person med
- Fagbrev som landbruksmekanikar/mekanikar/maskinførar, eller anna relevant fagutdanning.
- Lang relevant erfaring kan kompensera for fagbrev
- Må ha førarkort kl B og T
- Maskinførarbevis og BE er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode IT kunnskapar er ein fordel
- Ynskje om truckkurs og liftkurs, men ikkje krav.
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på gode evner til samarbeid, serviceinnstilling, fleksibilitet, sjølvstende og godt humør.
- Me ynskjer at du er systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.
- Me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me
Oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Om arbeidsgiveren
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
