SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
28. oktober 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Barnehage
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Sektor
Offentlig
Publisert
15. oktober 2026
Kontakt
Venke RaundalenRektor Folkestad skule+47 92251459

StedEikavegen 61, Midt-Telemark

Fagarbeider med med ansvar for SFO

Folkestad skule/SFO

Frist i morgen · Heltid · Vikariat

Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø.

Folkestad skule er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø. Skulen har rundt 100 elevar og tilsaman 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad.

Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage. Det er gode moglegheitar for ein aktiv og variera SFO kvardag. Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.

Arbeidsoppgåver

SFO ansvar

  • lage årsplan etter rammeplan for SFO
  • lede andre tilsette på SFO i arbeidet
  • delta i nettverksmøter og andre møter
  • kontakt med føresette
  • lage bemanningsplan i samarbeid med rektor

Som fagarbeidar i skule og SFO

  • hjelpe elevar som har behov for bistand i undervisninga
  • støtte elevar i leik og sosial samhandling
  • jobbe tett saman med lærar og føresette
  • delta på turer og utflukter

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
  • Relevant utdanning for arbeid med barn og unge

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi setter pris på at du:

  • har gode samarbeidsevner
  • takler en hektisk hverdag
  • er engasjert
  • liker å være aktiv
  • er kreativ
  • er strukturert

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Om arbeidsgiveren

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.