SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

bjornafjorden.easycruit.com

Frist
31. mai 2027
Stilling
Deltid · Fast
Felt
Omsorg
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Stillinger
10
Publisert
I dag30. oktober 2026
Kontakt
Inger Lise TvedtAvd. leiar+47 418 63 002 +47 56 57 55 50ilt@bjornafjorden.kommune.no

StedHolen 1, Bjørnafjorden

Helgestillingar - Heimetenester Os

Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Frist 31. mai. · Deltid · Fast

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Vi har ledig faste helgestillinger i omlag 12 % stilling frå snarast.

Arbeidsstad Heimetenester Os - Fleire avdelingar

Arbeidsoppgåver

Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.S tillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Du vil sjølvsagt får opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er:

  • Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim t.d; - Personleg hygiene - Tilberede mat - Administrere og utlevere medisner - Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv - Snakke med og støtte brukar

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudenter og andre med relevant helsefagleg erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Andre uten helsefagleg erfaring/utdanning kan og søkje
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2 for søkjarar utanfor Norden

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
  • Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtalar. Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eigen avlønning
  • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. Vi har studentavlønning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?