ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt
Fitjar Bu- Og Behandlingssenter og heimebaserte tenester
Søk snarest · Deltid · Fast
Helse og omsorg Fitjar har ledig 80% fast stilling på natt, turnus med jobb kvar 3. helg
Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling.
Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vikariatet kan bli forlenga.
Me treng deg som
- Er fagleg sterk
- Er strukturert og pliktoppfyllande
- Likar å ta ansvar og føl dette opp
- Er stabil og påliteleg
- Er kreativ og praktisk
- God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
- Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevne
- Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet
- Sertifikat klasse B
- Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
- God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentlig tenestepensjon i KLP
- Opplæring og rettleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marte Kristin Maraas om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.
Om arbeidsgiveren
Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar.
Institusjonen har 24 plassar, og tilbyr følgjande tenester:
- Langtidsopphald
- Korttidsopphald
- Avlasting
- Rehabilitering
- Palliasjon
Helsetenester i heimenkan gis som eit eller fleire einskildtiltak. Døme på innhald i tenesta:
- Oppdrag etter vedtak på dag og natt
- Rykke ut når brukar nyttar tryggleiksalarm
