Vi søkjer barne og ungdomsarbeidar/ fagarbeidar
Krokedalen Barnehage SA
Frist 22. nov. · Heltid · Vikariat
Vi søkjer ein engasjert barne og ungdomsarbeidar/ fagarbeidar som er:
- Relasjonsorientert: Du ser det enkelte barnet og evnar å gje den omsorga og støtta som trengst.
- Leiken og initiativrik: Du tør å by på deg sjølv og set i gang aktivitetar som fengar borna.
- Robust og fleksibel: Du taklar ein hektisk kvardag med eit smil og tek utfordringar på strak arm.
- Godt humør og eit ønske om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Om arbeidsgiveren
Krokedalen barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage som er organisert som eit samvirke.
Vi er fordelt på tre avdelingar; ei storbarn med barn i alderen 3-5 år, ei småbarnsavdeling med barn i alderen 0-2 år og ei avdeling med barn i alderen 2-3 år. Alle avdelingane er delt i to baser i kjernetida.
Barnehagen opna august 1988. Barnehagen heldt då til i eit koseleg, raudt hus og hadde ei avdeling. Etterkvart vart barnehagen riven og igjenoppbygd og november 2012 kunne vi opne dørene igjen til ein ny og moderne barnehage.
Vi ligg sentralt i Ørsta med godt tilgang til natur og fine turområde. Vi har også vår eigen skog, Joridskogen, som vi brukar veldig mykje.
