SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

bjornafjorden.easycruit.com

Frist
13. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Omsorg
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Publisert
I dag30. oktober 2026
Kontakt
Yvonne MatreEiningsleiar - Tilrettelagte tenester+47 902 89 733yvm@bjornafjorden.kommune.no

StedRådhuset, Torggata 7, Bjørnafjorden

Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Frist 13. nov. · Heltid · Fast

Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.

  • 100% stilling i turnus er ledig frå januar 2027.

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Varafjell er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ. Varafjell er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med barn med ulike behov, draumar og personlegheit.

Arbeidsoppgåver

Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.

  • Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med koordinator oppgåver.
  • Fagleg frontfigur : Du får ansvar for tiltaksplanar, legemiddelhandsaming, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet
  • Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser
  • Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar.
  • Deler av arbeidet vil verta utført ute i skule, der vi føljer barna.

Kvalifikasjonar

  • Du er utdanna vernepleier eller sjukepleiar
  • Du ser alltid mennesket før diagnosen
  • Du er en lagspelar som sprer energi i personalgruppa
  • Du tør å tenkja utanfor "boksen" når dei vanlege løysingane ikkje strekk til.

Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Det kreves dokumenterte norskferdigheter på minimum nivå B2, både muntleg og skriftleg.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Kvifor velgje oss ?

Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv.

Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag.

Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Nyutdanna vernepleiar/sjukepleiar som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune, under utdanning, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000,- ved oppstart i 100% fast stilling
  • Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?