SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
15. november 2026
Stilling
Deltid · Fast
Felt
Helse
Sektor
Offentlig
Stillinger
4
Publisert
23. oktober 2026
Kontakt
Asle GramstadAss. seksjonsleiar55958510
Marte Kristine BjørgveSeksjonsleiar55958712

StedSandviksleitet 1, Bergen

Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF

Frist 15. nov. · Deltid · Fast

S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blanda tilstandar.

Vi har ledig fast helgestilling som assistent i psykiatri. S1 har eit godt fagleg arbeidsmiljø, og vi søker deg som ønsker å bidra til og ta del i å oppretthalde dette.

Fast helgestilling inneber per i dag arbeid i todelt turnus kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppmoda til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

  • God oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Tverrfagleg arbeid i sengeposten, inkludert gjennomføring av planlagd behandling i tråd med god klinisk praksis, sjukehuset sine mål og gjeldande regelverk
  • Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
  • Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak
  • Praktiske oppgåver knytte til drifta av sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Vi søker fortrinnsvis studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurderte
  • Vi ønsker å knyte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
  • Personleg eignaheit er eit krav
  • Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
  • Søkar må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg
  • Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon

Vi søker deg som

  • Har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Skapar gode relasjonar til dei rundt seg og opptrer med tolmod og respekt
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Er løysingsorientert, flink til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og tek gjerne imot hjelp
  • Har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevande livssituasjon
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar
  • Følger opp delegerte oppgåver og er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit svært trivelegt arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfull og gjev høve til personleg og fagleg utvikling
  • Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP)
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.