SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
31. oktober 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Sektor
Offentlig
Stillinger
3
Publisert
24. september 2026
Kontakt
Tove-Lill HjertenesAvdelingsleiar Institusjon92680587tove-lill.hjertenes@kinn.kommune.no
Lise-Sofi BrunsvikAvdelingsleiar HDO90156867lise.brunsvik@kinn.kommune.no
Tone HusevågTenesteleiar Kulatoppen+47 99473470tone.husevag@kinn.kommune.no

StedYtre Kulen 73, Kinn

Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb?

Kinn kommune

Frist 31. okt. · Heltid · Fast

Vil du gjere ein forskjell kvar dag?

Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter! Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass?

På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar.

Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling.

Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane.

Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar.

Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar.

Arbeidsoppgåver

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du:

  • Bidreg til at brukarane opplever meistring, tryggleik og livsglede
  • Brukar fagkompetansen din til å finne gode løysingar i møte med ulike behov
  • Samarbeider tett med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø

Får vere med på utvikling av tenestene våre

Tek del i eit arbeidsfellesskap prega av fagleg engasjement, omsorg og arbeidsglede

Får moglegheit til å utvikle deg fagleg gjennom opplæring, rettleiing og refleksjon

Kvalifikasjonar

Vi søkjer:

  • Sjukepleiarar
  • Vernepleiarar
  • Helsefagarbeidarar
  • Pleiemedarbeidarar

Er du elev, student eller vurderer ei utdanning innan helse? Då oppfordrar vi deg også til å søkje

Kven er du ?

Vi ser etter deg som:

  • Har positive haldningar og set brukaren i sentrum
  • Er omsorgsfull, reflektert og empatisk
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Ønskjer å lære og utvikle deg fagleg
  • Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Ønskjer å vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester

Kvifor velje Kulatoppen?

Hos oss får du meir enn ein jobb.

Du blir ein del av eit engasjert lag som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og livsglede for brukarane våre.

  • Vi kan tilby: Spennande og varierte arbeidsoppgåver God opplæring og tett oppfølging Dyktige og inkluderande kollegaer Fagleg utvikling og kompetanseheving Kompetanseløn Etisk refleksjon og fagleg samarbeid Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande tariffavtale Ryddige arbeidsforhold Dette får du i tillegg: 💙 Ufaglærte kan få 100 % stilling dersom dei ønskjer å binde seg til å ta relevant utdanning. 💙 Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får eit ekstra årleg tillegg på kr 35 000. 💙 Vi har avtale om frivillige langvakter på 12,5 timar for dei som ønskjer dette.

Om arbeidsgiveren

Vår visjon

I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.