SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
17. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Oppstart
2027-01-01
Publisert
I går2. november 2026
Kontakt
Anne RingeAvdelingsleiar

StedKarmsundgata 120, Haugesund

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus

Frist 17. nov. · Heltid · Vikariat

Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus ved Kirurgisk post.

Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med pasientar innan fleire fagområde, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, føflekkreft, brannskadar og generell kirurgi. Vi har òg ansvar for gynekologiske pasientar i helgar, høgtider og ferieperiodar.

Sengeposten har 8 senger, eit godt tverrfagleg samarbeid og tett tilknyting til poliklinikkane. Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg breidde, varierte arbeidsoppgåver og moglegheita til å følgje pasientane gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.

👉 Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje stilling hos oss! 💙

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrer.
  • Tett samarbeid med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
  • Ansvar for eigne pasientar gjennom vakta. Vi nyttar stille rapport og delt gruppe, noko som gir kontinuitet og fagleg ansvar i pasientoppfølginga

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona.
  • Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er ryddig og strukturert
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • likar nye utfordringar

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

  • Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
  • Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
  • God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
  • Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.