SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

5845.webcruiter.no

Frist
8. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Omsorg
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Oppstart
2027-01-01
Publisert
21. oktober 2026
Kontakt
Eirin DalenAvdelingsleiar TTF47 93254401

StedAvdeling heimetenester og TTF, Fyresdal

Vernepleiar 100 % fast

Fyresdal Kommune Heimebaserte Tjen

Frist 8. nov. · Heltid · Fast

TTF søker vernepleiar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode!

Hva vi ser etter

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig
  • Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
  • Likar utfordringar

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
  • Målretta miljøarbeid
  • Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
  • Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
  • Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Dokumentasjon i Profil
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Diverse praktiske oppgaver i boligen

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring med brukergruppen
  • Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • 35,5 timars veke. Turnus med dag og kveld, måndag til fredag (ikkje helg). Det er mogleg å komma med ønske til turnus.
  • Løn etter tariff avtale.
  • Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad

Tilsetjingsvilkår

  • Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Seks månadar prøvetid
  • Krav om politiattest før tiltreding
  • Teieplikt etter gjeldande regelverk

Om arbeidsgiveren

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.