SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

jobseeker.jobbnorge.no

Frist
15. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Omsorg
Sektor
Offentlig
Publisert
I går30. oktober 2026
Kontakt
Gitte Anita SolheimFungerande Avdelingsleiar+47 466 18 831gitte.solheim@bufetat.no

StedSophus Lie-vegen 9, Stad

Vaken nattevakt, vikariat

Bufetat

Frist 15. nov. · Deltid · Vikariat

Om stillinga og arbeidsstaden

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig følgjande vikariat som miljøterapeut:

  • Vikariat natt i 93 % stilling med for tida arbeidshelg kvar 3.helg. Stillinga inneber møtevakter og arbeid på andre tidspunkt for å bli kjent med ungdomar utenom natt.

Å jobbe nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg.

Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadesvering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som jobbar natt er ikkje berre til stade når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.

I noverande turnus har vi tre tilsette på dagtid, fire tilsette på kveld og to vakne nattevakter.

Vikariatet er ledig pr no, og strekker seg ut 2027 - med moglegheit for forlenging, inntil tre år.

Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Meltunet tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.

Heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter https://www.bufdir.no/barnevern/finn institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/

Stilling som miljøterapeut inneber ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team saman med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar.

Dei deltek og har ansvar for møte som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda til å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.

Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsamansetninga oppmodast menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ta vare på ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal møte ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid som byggjer på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg.

Vi legg vekt på å gje ungdomane ferdigheiter som kan bidra til positive endringar i livet deira. Vi ynskjer å hjelpe ungdomane med å etablere og ta vare på gode relasjonar, regulere tankar og kjensler på ein måte som styrkjer sjølvkjensla, og å ta gode val for seg sjølve.

Hjå oss arbeidar ein for å motivera og engasjera ungdom i endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.

  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via interne fagsystem. I tillegg vil du ha ansvar for praktiske oppgåver og rutinar knytt til avdelinga, mellom anna gardsdrifta. Du skal og delta i overlapping ved vaktskifte.
  • Praktiske og fysisk krevjande arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid både for oss sjølv som tilsette og i arbeidet med ungdomane. Vi samarbeidar tett med ungdomen, foreldra deira, nettverket, kommunane, skulane og helsetenestene (BUP).

Kva bakgrunn har du?

  • Det vert i utgangspunktet kravd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan òg vurderast.
  • For alle søkjarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan barnevernsinstitusjon, kjennskap til systema i Bufetat.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernslova og barnevernet sitt arbeid.
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.
  • God digital kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Krav om førarkort for personbil.

Kven er du

Det er ønskeleg med

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til Barns rettar i institusjon etter barnevernslova.
  • Kjennskap til Bufetat sitt arbeid med tryggleik og sikkerheit.
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg.

Vi søker deg som:

  • Har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere fysisk og psykiske krevjande.
  • Er robust og tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står støtt i motstand og avvisning.
  • Jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritta utan store endringar.
  • Er tydeleg, rolig og trygg i din kommunikasjon og grensesetting.
  • Er klok, modig og evnar å håndtere krevjande situasjonar og konfliktar på ein god måte.
  • Møter ungom på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape utvikling og endring.
  • Tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.
  • Forstår og følgjer grunnleggande struktur og metodikk i miljøterapautisk arbeid.
  • Er åpen for og kan nyttiggjere deg av opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • Har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.

Vi tilbyr

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr. 540 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 – 690 000 pr. år.
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
  • Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillingaer for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • ID-kontroll vert gjennomført som ein fast del av intervjuprosessen for å sikre ein trygg og korrekt rekrutteringsprosess. Gyldig legitimasjon må difor kunne leggjast fram ved intervju.
  • Politiattest må leggjast fram ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik.

Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet, må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber også om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilete av kontrollbiletet på det digitale førarkortet eller skjermbiletet av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.