SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

hjelmeland.easycruit.com

Frist
1. mars 2027
Stilling
Heltid · Lærling
Felt
Omsorg
Utdanning
Videregående
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Publisert
9. oktober 2026
Kontakt
Malin Nordbø404 39 017postmottak@hjelmeland.kommune.no

StedVågavegen 116, Hjelmeland

Har du lyst å vera lærling hjå oss?

Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune

Frist 1. mars. · Heltid · Lærling

Hjelmeland kommune har frå hausten 2027 ledige plassar for nye lærlingar innan følgjande retningar:

  • Helsearbeidarfaget
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Institusjonskokkfaget

Me ønskjer at

du som har avslutta VK1 eller VK2 i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune, søkjer. Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no

Anna

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte. Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar. Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre.

Du må ha bestått språkopplæring på nivå B2, og det er ein fordel med førarkort. Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest

Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.

Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Om arbeidsgiveren

Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største

kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600

innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.

Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel

mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.

Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på

arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.