Drift og vedlikeholdsingeniør automasjon/svakstrøm ITB
Frist 24. nov. · Heltid · Fast
Helse Fonna søker ein drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon, svakstrøm og ITB.
Som drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon og svakstrøm/ITB i Helse Fonna vil du ha ansvar for drift og vedlikehald av automatiserte system og integrerte tekniske bygningsinstallasjonar (ITB) ved Haugesund sjukehus og dei distriktspsykiatriske sentera på Haugalandet.
Dei automatiserte systema i føretaket, saman med dei ulike sentrale driftskontrollanlegga (SD-anlegga), overvakar, styrer og regulerer dei fleste bygningstekniske installasjonane i eigedommane våre.
Vi ser fram til å motta søknaden din!
Kva går jobben ut på?
- Kontroll, feilsøking og utbetring på automatiseringssystem og svakstraumanlegg.
- Tilstandskartlegging av tekniske anlegg og systemer.
- Reparere, skifte ut, justere og kontrollere komponentar som inngår i automatiserte anlegg.
- Kontroll og funksjonstesting ved overtagelse av ulike prosjekt/tiltak knytt til automatisering og SD anlegg/system, av dette retningslinjer, rutinar, prosedyrar, dokumentasjon og opplæring.
- Kontrollere, oppdatere og vidareutvikle prosedyrar og rutinar for bruk i drift og vedlikehald.
- Følgje opp og bidra til vidareutvikling av føretakets IK innanfor fagområdet.
- Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Utdanning som automasjonsingeniør eller teknisk fagskule med relevant fagbrev eller meisterbrev. Nyutdanna kandidatar blir òg oppmoda til å søke.
- Erfaring innan drift, reparasjon, vedlikehold og feilsøking på industrielle og andre automatiserte lavspenning eller SD anlegg.
- Erfaring med IT baserte verktøy.
- Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver i eit utfordrande og triveleg miljø.
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
