Fysioterapeut 100% i Oslo
Rehabiliteringssenteret AiR, Oslo
Frist 1. nov. · Heltid · Fast
Rehabiliteringssenteret AiR Oslo
Fysioterapeut
Fast stilling 100 %
Ved vår avdeling i Oslo skal vi januar 2027 starte eit nytt rehabiliteringstilbod for personar med langvarige muskel- og bløtdelssmerter. Stillinga vil primært vera knytt til det tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk smertekartlegging og vurderingssamtalar
- Leie varierte undervisning- og treningsaktivitetar i gruppe
- Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet
- Særfagleg oppfylging ved behov
- Bidra i utviklingsarbeid
Vi ser etter desse kvalifikasjonane /eigenskapane
- Klinisk erfaring frå smertebehandling-/rehabilitering er ønskeleg
- Blikk for tverrfaglgege funksjonsvurderingar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Tilleggsutdanning eller erfaring innan PRT (Pain Reprosessing Therapy) og kognitiv åtferdsterapi er ønskeleg
- God kommunikasjon- og samarbeidsevne
- Interesse for å ta i bruk nye teknologiske verktøy i samband med undervisning/aktivitet
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Arbeidstid, dagtid på kvardagar
- Konkurransedyktige løns- og personvilkår
For meir informasjon, kontakt
Fysioterapeut/prosjektleiar for nytt smertetilbod: Hugo Øren, tlf. 35 06 20 86, hugo.oren@air.no
Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no
Søknadsfrist: 1. november 2026.
Søk på stillinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om arbeidsgiveren
Rehabiliteringssenteret AiRer ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, og har sidan 1986 hjelpt personar med samansette helseutfordringar. AiR er oppteken av å tilby og utvikle kunnskapsbaserte rehabiliteringsløp, og brukar digitale løysingar både før, under og etter fysiske tilbod.
AiR har klinikk for rehabilitering med overnatting i Rauland og poliklinisk tilbod i Oslo. Tilboda er gruppebaserte og tverrfaglege. I fagteama inngår lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut.
