SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
5. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Helse
Førerkort
Krav
Sektor
Offentlig
Oppstart
2027-01-04
Publisert
22. oktober 2026
Kontakt
Marit BråstøylKommunalsjef helse og omsorg48220538marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.no

StedRevahaugvegen 2, Tokke

Assistent/miljøarbeider

Helse og omsorg, Tokke kommune

Frist 5. nov. · Deltid · Vikariat

Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen. Dette inneber mellom anna:

  • Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen
  • Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring
  • Skape ro, tryggleik og struktur

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
  • Vi legg stor vekt på relevant erfaring.
  • Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Er roleg, påliteleg og trygg i møte med andre
  • Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og trygg arbeidskvardag
  • God opplæring og oppfølging
  • Løn etter gjeldande avtale
  • Arbeidstid kan variere
  • Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren

Andre opplysningar

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det. Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

Om arbeidsgiveren

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.