SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
12. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Omsorg
Utdanning
Bachelor
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Oppstart
2026-11-16
Publisert
23. oktober 2026
Kontakt
Hilde HeståsAvdelingsleiar grunnskule+47 97542422

StedLisjebøvegen 14, Herøy

Miljøterapeut

Herøy kommune, Kultur og oppvekst

Frist 12. nov. · Deltid · Vikariat

Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.

Arbeidsoppgåver

  • Motarbeide utanforskap
  • Kartlegging og støttesamtalar med ungdommar i og utanfor skulen
  • Kartlegging og støttesamtalar med føresette til ungdommar som står i utfordringar
  • Foreldrerettleiing
  • Ta del i tverrfaglege møte og samarbeid ut frå elevane sitt behov
  • Samarbeide med foreldre og vere ei bru inn til skulen der eleven har vanskar med å møte

Kvalifikasjonar

  • Minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, som til dømes sosialfagleg utdanning, barnevernspedagog/pedagog eller sosionom
  • Anna relevant utdanning og eller erfaring kan verte vudert
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familie
  • Førarkort klasse B og eigen bil

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

  • Positiv og fleksibel
  • God relasjonskompetanse
  • God på å motivere og skape engasjement
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta
  • God kjennskap til skuleverket, ulike kommunale tenester og anna hjelpeapparat
  • God skriftleg og munleg framstillingsevne

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar

Vi tilbyr

  • Ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
  • Eit støttande kollegium med høve til læring og utvikling
  • IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !