Ringevikar Tyssedal barnehage
Ullensvang kommune Tyssedal barnehage
Frist 31. des. · Heltid · Vikariat
Arbeidsoppgåver
Som ringevikar har du medansvar for:
- Barna sin trivsel og utvikling
- Godt samarbeid med barna, foreldra, personale
- Medverka til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd
- Godkjent tuberkulinstatus
Personlege eigenskaper
- Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna
- Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
- Fleksibel og positiv
Vi kan tilby
- Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
- Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.
- Løn etter tariff
Om arbeidsgiveren
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene.
I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
