SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

jobseeker.jobbnorge.no

Frist
1. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Omsorg
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Stillinger
2
Publisert
19. oktober 2026
Kontakt
Hildegunn BjånesLeiar+4797176550hildegunn.bjanes@masfjorden.kommune.no

StedFensfjordvegen 615, Masfjorden

Helsefagarbeidarar

Masfjorden kommune

Frist 1. nov. · Heltid · Fast

Om stillingane

Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta. Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.

Me ser etter deg som

  • Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan delta i alle arbeidsoppgåver
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie
  • Har førarkort klasse B

Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning

Me tilbyr

  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med
  • Dyktige kollegaer
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

For stillingane gjeld

  • Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
  • Krav om politiattest

Om arbeidsgiveren

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.