SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
10. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Utdanning
Høyere utdanning
Sektor
Offentlig
Publisert
I dag27. oktober 2026
Kontakt
Cicilie Drågen FrendalSeksjonsleiar+47 48209533

StedOpdølvegen 4, Molde

Sjukepleiar

Kirurgisk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Frist 10. nov. · Heltid · Fast

Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar!

Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus.

Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag, startdato frå snarast!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppsetting av planlagte operasjonar
  • Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
  • Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga
  • Rapporter

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning
  • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
  • Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
  • Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet
  • Interesse for logistikkflyt
  • Gode IT- kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
  • Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
  • Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • Du må trivst med høg aktivitet i arbeidet
  • Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
  • Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.

Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal